søndag 11. mars 2012

Tidlaus

Hadde det ikkje vore for det høgre hjørnet på skrivebordet mitt så hadde eg ikkje visst kva dag eller dato det er. Om fredagane kan eg sjå Nytt på nytt og gjensynet med Jon, Knut og Linn forsikrar meg om at det har gått ei ny veke, men ein kan ikkje vere for sikker no til dags, det er så lett å lyge, manipulere, vri sanninga til å fremje sin eigen sak.

Eg såg deg i går. Du hadde endra ansikt og fått ei ny jakke, men eg kjente deg igjen, fordi du stira på meg med dei smålege auga dine og eg kunne kjenne blikket ditt heilt ned i kjellaren min der eg gøymer meg i ein krok med fleire hundre år gamle flasker og ein resept eg aldri har hatt nytte av. Og eg veit kva du vil, ikkje tru at du kan sno deg unna, eg har følt leppene dine mot huden min og kniven din mot låra mine og dette er siste gong eg lèt deg unnsleppe. Høyrer du meg? Du fortener ikkje sommarfuglane ho fanga til deg. Du fortener ikkje det kvite gjerdet og dei endelause nettene med festar og falsk latter.

Neste gong eg ser deg skal eg fylgje etter deg. Det kan vere du har endra ansikt igjen, men eg skal kjenne deg igjen på auga dine og korleis du alltid går litt framoverbøygd, og så skal eg la deg verte ein del av den eska du ein gong stod opp i frå. Eg skal samle saman ei gruppe av lett leidde sauehovud og me skal danse rundt deg medan flammane stig høgare og høgare og me skrik ut til forfedrane våre om å ta deg tilbake. Du skal ikkje få såre eit nytt hjarte.

3 kommentarer: