torsdag 21. november 2013

24 år og 1 dag

I dag er eg 24 år og ein dag og sidan sist bursdag har eg:

- kyssa kjærasten min hundrevis av gonger


- gått fleire mil
















- sykla fleire mil

- feira nyttår i Bergen

- møtt nye menneske


- vore i Bremen


- vore i København


- møtt og gitt klemmar til Amanda Palmer to gonger




- grilla veganske pølser på ein eingongsgrill i Røyken i Buskerud

- sunge fleire songar

- skrive fleire tekstar (men ikkje så mange som eg skulle ynskje)

- byrja på masteroppgåva mi


- hatt munnleg framføring om off-off-Broadway og Fluxus i New York

- gråte fleire tårer, nokre av glede

- ledd mykje

- smilt til fleire framande

- snakka engelsk

- snakka tysk

- snakka tulledansk

- tatt fleire bilete














- ete god mat








- gitt fleire gåver

- fått fleire gåver


- skrive fleire brev


- lese fleire bøker (men ikkje så mange som eg skulle ynskje)

- gråte på kino

- ledd på kino

- sett fleire teaterframsyningar

- hjelpt til med å skape ei teaterframsyning




- sovna og vakna ved sida av han som tyder mest for meg i heile verda

tirsdag 5. november 2013

København

Sist veke:

- åt eg kjempegod thaimat til middag to kveldar på rad


- prøvde eg rawfrukost og -kake



- såg eg endeleg Amanda Palmer and the Grand Theft Orchestra live med kjærastearmar rundt meg



- kyssa eg i eit rom med vatn, speglar og lyspærer



- gjekk eg mangfaldige kilometer

- opplevde eg superfint dansk teater og tenkte: dette er den typen teater eg vil skrive og lage


- kjøpte eg polaroidkamera (mitt andre), som eg håper fungerer

- prøvde eg ein ny drink

- kyssa eg kjærasten min så ofte som mogleg

- sat eg i vindaugskarmen på hotellrommet i femte etasje og lytta til livet

- såg eg fleire syklar enn eg kunne telje, men gløymde å ta bilete


- hadde reisefylgjet mitt og eg ei ironisk tilnærming til turistklisjeane

- følte eg at me fann ein potensiell Dexter-åstad (sesong seks)


- levde eg mest mogleg i augeblikka og skreiv ei helsing i ei Moleskinebok i Boghallen

tirsdag 29. oktober 2013

Eg er liv

Eg pustar.
Eg lagar liv.
Er liv.

Lever i eit augeblikk,
ser ut av vindauget medan verda køyrer forbi,

stille,

sakte,

tar nokre stopp langs vegen for å plukke opp andre som skal vidare til ein stad eg ikkje kjenner og aldri kjem til å kjenne så lenge eg står her for meg sjølv, så lenge eg står her og er.

Berre er.

Held deg i handa og veit at eg er elska.

Det er elvebåten, ormen, hallen, fjelltoppen, verda bak skyene som er ein hund, ein teddybjørn, eit hjarte av skum på baderomsgolvet. Det er tunge steg, men dei gir meining, det gir meining å puste og gå i mørkret som kjem tidlegare no som me har funne ei ny tid.

Me skal finne nye gater, verte kjent med nye brusteinar, nye kafear, nye koppar med te. 

torsdag 24. oktober 2013

Kroppshistorie

Livet mitt finn du i auga mine,
det finst stiar der som eg ikkje har prøvd ut enno
og om du kikkar lenge nok kan du sjå stjerneskot.

Kinna mine har kjent regn,
kjent sol,
kjent vind,
kjent klemmar,
kjent kyss.

Leppene mine har kjent deg,
har smilt når dei har sagt namnet ditt,
har kjent smaken av tårer.

Beina mine har vore i skog,
på fjell,
på strender,
på hustak,
i Paris,
i London,
i Krakow,
i konsentrasjonsleirar,
i Disneyland,
i Praha,
i Berlin,
i København,
på stader eg ikkje hugsar.

Armane mine har omfamna tre,
omfamna besteforeldre,
foreldre,
sysken,
vener,
puter,
bamsar,
mammakåpe.

Armane mine passar perfekt rundt kroppen din.

Auga mine ser deg.

Kinna mine kjenner deg.

Leppene mine søker dine.

Hjartet mitt er ditt.