mandag 16. juni 2008

The Classics

Når du vert bedt om å sitje nede i kantina i lag med hundrevis av andre elevar (vel, nesten det) og rektoren for skulen der du går kjem ned med ei bunke med ark og lærarane dine står og ser nervøse ut på dine vegne, så vert du litt redd, du kjenner det i magen. Men så fortel rektor at han har berre fått eitt ark, og der står det at du ikkje har kome opp. Klassen din har ikkje kome opp. Det er ferie! (Utanom dei neste dagane som kjem til å vare i eit par timar kvar.)

Så det er klart, på ein vakker dag som dette, der sola har kome tilbake etter tordenvêret som var dagen før, så er ein nødt til å gjere noko for å feire. Sidan kvalmen gjorde at kake ikkje var særleg fristande, kva gjer du? Nei, vent, kva gjer Birte? Birte kjøper DVDar. Og ikkje kva for nokre DVDar som helst. Oh no. No, no, no. Klassikarar: Manhattan, My Fair Lady og The Way We Were, til den nette sum av 258,90 kr. (det stod på kvitteringen at eg fekk 41,10 kr. tilbake, men eg fekk ingen tiøringar!). Og eg kjøpte tre bøker, som er litt hysj-hysj, fordi eg skulle ikkje kjøpe fleire bøker før eg har lese ut dei eg har, og eg har veldig mange igjen å lese, men to av dei har eg lese før (The English Patient og The Kite Runner) og den siste var av ein av yndlingsforfattarane mine (The Lollipop Shoes av Joanne Harris), så det var ikkje så verst, synest eg. Og ja, eg kjøpte scrapbookpapir som eg kjem til å bruke til kort som før hadde kosta 200 kr. og som no kosta 20!

It's a beautiful day. Eg ser på Manhattan = Woody Allen, Diane Keaton OG Meryl Streep. I'm happy.

23 kommentarer:

  1. Jeg skal også starte på The Kite Runner nå, etter å ha lest ut Norwegian Wood av Haruki Murakami i natt!
    Ehm. Jeg har fem biblioteksbøker jeg også burde lest, i tillegg til diverse andre. Men man kan ikke få for mange, kan man vel?

    SvarSlett
  2. say what?! Jeg vil også ha så billig scrapbook papir!! NÅ!

    SvarSlett
  3. Elmukake: The Kite Runner er så nydeleg. <3 Og nei, det er sant det. Eg gler meg til å bu for meg sjølv så eg kan fylle hyller opp og hyller ned med bøker, CDar og DVDar, i tillegg til små kuriositetar for å pynte. :D

    Karoline: Bokhandelen Ark, baby. <3

    SvarSlett
  4. Jeg har altfor mange bøker jeg vil lese. Og det finnes altfor mange filmer jeg vil se. JEG HAR OGSÅ SOMMERFERIE! :D

    SvarSlett
  5. Eg vil òg sjå Manhatten.
    Det minner meg på at eg ikkje har sett Rosemary's Baby endå, oh shit.

    Det var billig papir.

    SvarSlett
  6. Aida: Me too! Og diverre så er det mange av dei som eg vil lese som eg ikkje har enno. Og eg veit at eg kan låne dei på biblioteket, men då føler eg tidspress og det er så mykje finare å ha dei og kunne setje dei i bokhylla når eg er ferdig og tenkje at eg kan lese dei igjen ved eit seinare tidspunkt, om eg føler for det. <3

    Lene: Manhattan var søøøt! Woody er nødt til å vere min favoritt filmskapar. Har eigentleg sagt det ganske lenge, men...

    SvarSlett
  7. Yay! Bierre gjor mången kupp! :P

    SvarSlett
  8. Oh yes! :D
    Men no er Bierre frustrert fordi ho speler And Then There Were None og ein av tinga ho hadde plukka opp, som ho treng sjukt akkurat no, har forsvunne! Og eg veit ikkje kvar det har vorte av. ARGH!

    SvarSlett
  9. Woody er supersær på ein god måte.
    Kan me ha filmkveld i framtida?

    SvarSlett
  10. JA! :D Har nok ein samanheng med at han blant anna har Ingmar Bergman som førebilete. :P
    Og JAAA! :D

    Eg synest me blant anna bør ha ein "filmar om famous people"-weekend.

    SvarSlett
  11. < 3

    Kva for nokon skulle me ha sett?

    SvarSlett
  12. Beyond the Sea (Bobby Darin), De-Lovely (Cole Porter, ja, igjen, men likevel...), La Vie en Rose/La Môme (Édith Piaf), Out of Africa (Karen Blixen) etc.

    SvarSlett
  13. Det funkar bra *kul*
    Eg har faktisk huset for meg sjølv ein vekes tid neste måned, så viss du har tid så kan du komme :)

    SvarSlett
  14. Hvis du vil se klassikere, så må du se "Singing in the rain", hvis du ikke allerede har sett den, den er elsk <3

    SvarSlett
  15. Lene: JAAA! :D

    June: I have, I own it, it's FABULOUS. :D

    SvarSlett
  16. arh, d va så deilig når han sa me ikkje kom opp :)

    SvarSlett
  17. Gratulerer med ikkje-eksamen! :D
    Eg elskar å finne ting på sal. I alle fall når eg kan lage noko med det.

    SvarSlett
  18. Hadde jeg hatt adressen din hadde jeg sendt deg en konvolutt full av tiøringer.

    SvarSlett
  19. Awh! <3
    Eg har ein del tiøringar i frå gammalt av, då... :)

    SvarSlett