onsdag 2. februar 2011

Day X

10. Ein situasjon du kunne tenkje deg å vere i om 5 år.

Dette punktet skremmer meg litt, fordi for fyrste gong i mitt liv (basically), så veit eg ikkje. Eg har ikkje peiling. Hadde du spurt meg for eitt eller to år sidan, hadde eg sagt at om fem år kom eg forhåpentlegvis til å jobbe på Vardafjell, og kanskje det framleis kjem til å skje ein dag, who knows. Hadde du spurt meg endå nokre år tilbake, hadde eg sagt at de kunne ha funne meg inni ei grotte eller langt borte i fjerne fjell og byar med namn eg aldri hadde høyrt om før, fordi eg skulle verte arkeolog.

Eg veit ikkje lenger kva situasjon eg kjem til å vere i uti framtida der ein stad, men kanskje det er i orden. Kanskje det er okay å ikkje ha alt klart, å måtte våge litt ekstra, kjempe litt for draumane og ynskja ein har, som ein ikkje alltid tør å vedgå seg.

Eg kan tenkje meg å ha ein jobb eg likar, ein som elskar meg og ein bustad eg føler meg heime i. Eg kan tenkje meg å framleis ha kontakt med venene mine som er meg så uendeleg kjære, og som eg håpar vil vere med meg inn i framtida. Eg kan tenkje meg å vere nøgd; treng ikkje vere superduperlukkeleg eller on top of the world, men nøgd. Ei slik sinnsstemning som gjer at ein smiler av dei små, daglegdagse tinga, som å kunne kjøpe seg ein blå oppvaskbørste og høyre fuglesong om ettermiddagen på ein regnfull dag i februar.

6 kommentarer:

  1. Det er skummelt. Eg veit ikkje korleis situasjonen kommer til å vera om eit halvt år, men det går sikkert bra for oss begge :)

    - Lene

    SvarSlett
  2. jeg tror kanskje det er litt viktig ikke å vite også. når jeg har detaljerte planer langt frem i tid og det ikke blir sånn, blir jeg litt skuffet over meg selv.

    SvarSlett
  3. Ja, det trur eg òg. Og eg merkar eg er i ein omveltingsfase atm, eg går gjennom endringar samtidig som eg ikkje er fullstendig klar over kva dei kjem til å føre med seg, eller heilt kva dei endringane inneber, men eg merkar dei likevel, if that makes any sense? Så eg prøver å ikkje få panikk, eg held fram med å puste og så får me sjå kvar eg faktisk kjem til å vere om fem veker/månadar/år.

    SvarSlett
  4. høes veldig logisk ut, og sikkert litt sånn man får det når man er vant til å ha kontroll og plutselig ikke vet. men alt går bra til sist, og de aller fleste ender jo opp med å bli fornøyde uansett.

    SvarSlett
  5. Ja, om ikkje kontroll, så i alle fall ei kjensle av tryggleik. Men det går nok bra til slutt, som du seier.

    SvarSlett