lørdag 5. februar 2011

Day XII

12. Ei spanande/morosam historie.

Sidan eg skulle ha skrive dette innlegget på fredag, tenkte eg å skrive om noko som skjedde på fredag: Etter å ha vore på førelesing, tilfeldigvis møtt på eine tanta mi som eigentleg bur på Fitjar, og filma Angela og Brian som var kosete kjærastar (til eit filmprosjekt eg held på med), sat eg i ein kinosal klar til å sjå filmatiseringa av Norwegian Wood.

*Cut!*

- Nei, eg har ikkje lese boka. Nei, eg har enno ikkje lese noko av mr. Murakami, though eg har Kafka on the Shore liggjande heime på Apeland. Og nei, eg har ikkje noko superstor interesse/kjærleik for Asia eller Japan, men eg synest Lost In Translation og Memoirs of a Geisha er inderleg fine.

*Action!*

Eg må innrømme at sjølv om eg hadde sett traileren for filmen og syntest han såg veldig rørande og vakker ut, vart eg sannsynlegvis mest overbevist om å gå på spesialvisinga fordi Frode Grytten skulle ha eit kort føredrag før filmen starta, samt at regissøren skulle vere der. Det er nok trygt å seie at Frode Grytten er min favoritt av norske forfattarar (og det viser seg at han har ein svært fin stemme, bokstaveleg talt), eg har symja i orda hans, svevd mellom linjene og inhalert alle hjarteslaga blant dei einsame og elskande, og det var ei ære å høyre han prate om Murakami, å lytte til han medan han avslutta føredraget med eit dikt han hadde skrive om/til Murakami, og eg ville flyte opp og verte med bølgjene av ord som svirvla rundt i kinosalen på Magnus Barfot, men særleg utan fottøy er det essensielt med bakkekontakt og plutseleg byrja filmen.

*Cut!*

- Eg vil eigentleg ikkje fortelje noko særleg om filmen, har de lese boka veit de basically kva som skjer, og har de ikkje lese boka, men har planar om det eller har lyst til å sjå filmen, vil eg ikkje øydeleggje noko. Eg vil berre seie at han var fabelaktig.

*Action!*

Dette vart kanskje ikkje så mykje av ei historie, ikkje av typen bloggutfordringspunktet gjerne kunne likt å høyre om, men eg tenkte berre eg skulle informere om at eg har vore i same rom som ein forfattar eg beundrar og beskjedent elskar, og ein fantastisk vietnamesisk regissør som snakka engelsk med eit hint av fransk aksent og var absolutely adorable. Og heilt til slutt vil eg gjenta noko som Anh Hung Tran snakka om under spørjerunden me hadde etter filmen var ferdig, sjølv om eg ikkje hugsar det ordrett, fordi det var så nydeleg:

Alle menneske har ein musikk inni seg, og når dei går gjennom livet prøver dei å gjere ting som resonnerer med den musikken, dei prøver å skape, på utsida, det dei høyrer på innsida. Alt handlar om å skape den musikken, og når dei klarer det, er dei fri.

*The End*

2 kommentarer:

  1. Eg trur at Frode Grytten er min favoritt av norske forfattarar også.

    og Norwegian Wood har eg store ambisjonar om å lese!

    SvarSlett
  2. Ja, eg skal lese boka eg òg, men eg veit ikkje heilt når det vert. Til sommaren, kanskje.

    SvarSlett