mandag 21. februar 2011

Day XXIX

29. Nokon du saknar.

Eg er veldig flink til å sakne, og saknar eigentleg litt for mange. (Men at eg saknar dei tyder at eg er glad i dei, så om ein ser på det slik er det helst ein positiv ting.)

Eg saknar dei som er rundt meg som energi fordi kroppane deira er her ikkje lenger, eg saknar lærarar eg hadde då eg var liten (og då eg var eldre) og eg saknar menneske eg aldri har møtt. Mest av alt saknar eg Vardafjellfamilien, og eg veit eg har sagt det ofte, men slik er det. Eg saknar å vere mora som held rundt for alltid og har med bakevarer til skulen, eg saknar å sjå menn i gangane som får meg til å smile, og eg saknar samhaldet og timane med nokre av verdas finaste folk.

Love you/miss you.

4 kommentarer: