fredag 20. juni 2008

"Eg veddar ei krone og seksti øre på at du er Åse Berit si dotter,"

seier ein framand mann til meg medan han passerer meg i gangen. I NORDRE del, fekk eg vite i dag. Og i søre delen jobbar mamma. Eg fann kontoret og høyrte stemmen til psykologen eg eigentleg skulle hatt time med for ei stund tilbake. Ein time eg kansellerte fordi eg ikkje ville møte på mamma for så å måtte forklare kva eg gjorde der på den tida. Han gjekk sikkert forbi meg han òg, på eit punkt. Og ho mamma hadde prata med dagen før og skrytt over dei tre språkseksarane mine til sa hei, men ho visste nok ikkje kven eg var. Eg kunne ha fortalt det til henne, men ho som skulle lære meg opp i denne fantastiske vaskejobben studerte meg nøye og skulle akkurat til å kritisere ein detalj eg hadde gløymt, så eg haldt kjeft og moppa vidare.

I dag har eg vaska NI toalett og moppa større areal enn gymsalen på skulen medan eg har prøvd å vere høfleg og smilt og svart det dei forventar at eg skal svare. De skjønar, dei elskar small talk, medan eg hatar det. Eg har derimot lært at om ein vil glede ein enkel vaskekonesjel: prat om vêret. (Unnskyld, eg veit eg er stereotypisk at the moment, men det må ut.)

Eg var på sjukehuset og gjekk og gjekk til eg kom til ein del av bygget som ikkje minna om eit sjukehus i det heile tatt, meir eit lager til ein stor butikk eller fabrikk, med ein bannande ("helvete!", "jævla dritt!") mann som heitte Helge (Helge Helgesen, btw :P) som skulle lage ID-kort til meg, men som ikkje fekk det heilt til (derav banninga) og måtte ringe om hjelp. Hjelpa kom i ein kvit legefrakk (som eg fann litt ironisk), og legen, eller kva enn han var, gjorde nokre kirurgiske inngrep på dataen og printaren og whoops så var det fiksa! Helge måtte ta bilete av meg òg. Usj. Eg synest forresten at han fortener noko betre enn eit Olympus digitalkamera.

Eg skulle ikkje ha byrja før i slutten av juli, men no skal eg jobbe fire dagar i neste veke allereie. Wish me luck!

Og norskRagnhild er verdas søtaste! Ho haldt opp magasinet til medialærar Anne Marie som eit lite barn og sa: "SJÅ!". Det var den finaste gåva ho nokosinne hadde fått. Her words, not mine. Eg håpar muffinsane smaker/smakte godt. :)

Då eg var på Amanda tok opplevingane frå dagen over meg og eg tok meg sjølv i å vaske toalettet før eg brukte det. This stuff gets to ya.

23 kommentarer:

  1. Lykke til!

    Og for å svare på spørsmålet ditt; selvfølgelig vil jeg møte deg!

    SvarSlett
  2. Så kult med eget ID-kort!:D Det vil eg sjå!:P Og lykke te ja ;)Haha, eg blei så glad når mamma kom him og fortalte det om Våga xD Og Mette xD Det var jettekul!

    SvarSlett
  3. Forresten, seksti øre, kor gammal va hu damo? xD

    SvarSlett
  4. Eg meina, hu konne nå ha vore litt now a days, og sagt femti øre xD

    SvarSlett
  5. Hilður: Hehe, ja, det kan du gjere. :P Og det var framleis ein mann som sa sitatet. xD Han var sikkert femti-something. Ein psykolog probably.

    (Eg stod på kjøkenet medan eg laga middag og tenkte over korleis det hadde vore å vere gift med Våga. :P)

    SvarSlett
  6. Du er heldig som har jobb. Burde få meg det sjølv, hehe.

    Eg vil seriøst treffa deg igjen :D

    SvarSlett
  7. Seniliteten min slår te igjen xD

    SvarSlett
  8. Lene: Hadde ikkje du fått deg jobb då?

    Hilður: Hahaha. xD

    SvarSlett
  9. litt av ein dag :/ men itte verdt blir d bare lettare å lettare. sånn e d me alt.

    SvarSlett
  10. Lykke til!
    Du er flink som jobber ^^

    SvarSlett
  11. Nei. Eller på ein måte, passar søstra mi all the time, hurray xD

    SvarSlett
  12. aw stakkars! oh well, nå kan du bli skikkelig pr0 dovasker 8)

    og gratulerer med 6erne! og gratulerer til meg FOR GJETT HVA JEG FIKK PÅ ENGELSKEKSAMEN. det ligner på dine språkkarakterer, fniiiiis :D

    SvarSlett
  13. Siri: Hehe, ja. Men eg verdt nok aldri ein av "gjengen". Vil eigentleg ikkje verta det heller, så...

    Panda: Takk!

    Lene: Men var det ikkje snakk om at du skulle på Spar or something?

    Lisa: Hahaha, ja, lucky me, lZmschiZm. :P

    Oooooh, crazy good girl!

    SvarSlett
  14. Pass deg så du ikkje blir ein av dei ;)

    GrattiZ med seksarar!

    SvarSlett
  15. Har ikkje blitt noko av. Dessutan så skremmer det å jobbe meg utroleg mykje. Følar meg som ein kvinneleg Woody Allen sidan det er så mykje eg er sær på xD

    SvarSlett
  16. Silkeschwarzen: I won't. Never ever. Og takk!

    Lene: Eg er slik eg òg, sånn eigentleg, men det var på tide å gjere noko ved det. Må berre hoppe ut i det!

    SvarSlett
  17. Vaska Amanda-toalettet?! HAHAH xD
    You are sick...!
    :P

    SvarSlett
  18. eg skulle verkeleg ynskje at eg likte poirot. det er ei stor sorg for både meg og min kjære.

    SvarSlett
  19. You're such a good girl. :)

    SvarSlett
  20. Weird Al: Haha, I know I am. :P

    Hjartesmil: Awh. =/ Kvifor likar de han ikkje?

    Fie: Thanks. :P

    SvarSlett
  21. Burde vel eigentleg gjera det. Kva skulle eg ha gjort utan deg?

    SvarSlett
  22. Du hadde nok klart deg heilt fint. :)

    No ser eg på Wuthering Heights.

    SvarSlett