onsdag 25. juni 2008

Only you send me true love

"Kva skjedde eigentleg med det puslespelet? 1500 brikker, bilete i frå Roma, vart det nokosinne ferdig?"

Jada, for to netter sidan, då eg eigentleg burde ha sove fordi eg skulle på jobb neste dag, så vart dei siste brikkene putta på plass. Det har rett og slett vorte brutalt nedprioritert i det siste, men no er det altså heilt.


Elles så lurer eg på kor mange folk som kjem til å kommentere mamma og kor mykje me liknar, men folk er ikkje einige. "Du er dottera til Åse Berit, ja? Ja, det såg eg med ein gong!" vs. "Åja, er Åse Berit mora di? Du liknar ikkje på henne i det heile tatt!"

Eg har sett ein ekte psykologbenk/seng-ting då eg vaska kontor i går. Det var ganske kult. Oooooog eg har fått jobb på Sildajazzen, så eg håpar inderleg at eg skal vaske i veke 29-31, fordi det er i veke 32 at Sildajazzen er og då skal eg jobbe i 12-13 timar kvar dag. Då kan eg ikkje vaske i tillegg.

Forresten: eg har totalt blakka meg fordi eg kjøpte to nye kjolar i går. Dei er på ei anna side bloody gorgeous begge to. Eg håpar bokpengane kjem snart, eg treng dei sårt. Og løna mi, men ho kjem ikkje før om lenge, trur eg.

Til slutt kjem litt LoveHearts-kunst:

14 kommentarer:

  1. Sildajazzen, fnis. Det hørtes suspekt ut.

    SvarSlett
  2. Fint puslespel. Burde eigentleg ha pusla James Dean snart xD

    Korleis ser kjolane ut?

    SvarSlett
  3. få se kjolane :D

    ska du jobba siste kvelden? då komme eg hjem å då ska eg ner.

    SvarSlett
  4. * Eg elskar å pusle! <3

    * "Du er ei ekte pappajente, det ser eg med det same." Ein standard kommentar eg får :)

    * Kjolar er Mmmm.

    SvarSlett
  5. Å Roma! Gud, som eg saknar den byen<3

    SvarSlett
  6. Nøve: Åh? xD Vel, eh, det er Haugesund sin jazzfestival. DUH! (xD)

    Lene: Thanks. :)

    Eh, eg skal ta bilete!

    Siri: JADA! XD Eh, laurdagen? Eg jobbar laurdagen, men på søndagen drar eg til Oslo.

    Silkeschwarzen: Awh! :D

    Haha, vel, det er eigentleg eg òg, fordi eg likar ikkje mamma noko særleg. :P Og pappa og eg er mykje meir like.

    3-2-nuz: Eg har ikkje vore i Roma, men eg har vore i fleire byar i Italia og eg saknar dei. :(

    SvarSlett
  7. Eg va med og kjøpte kjolane!:D Va det kje bare 6-7 timar per dag du sko jobba på Sildajazzen da?:P

    SvarSlett
  8. Ja, det var du! Eller, du var med og la av den siste. :P

    Nei, eg sa ja til å jobbe full dag, så det vert 12.00-ish til 01.30-ish.

    SvarSlett
  9. Heh, på Osterøy har vi Jesusfestivalen! Ikkje at eg nokon gong har vore på den, men.

    SvarSlett
  10. Synest Jesusfestivalen høyrest mykje meir suspekt ut!

    SvarSlett
  11. Likte Loveheartskunsten! :)

    SvarSlett
  12. Hah, takk. :P Eg har ein til òg. :)

    SvarSlett