tirsdag 28. desember 2010

Eg drøymte om deg i natt, for fyrste gong på over eitt år var mørkret dedikert til deg, og eg lurte på korleis det hadde vore å dele livet med deg. Faktisk dele det. Fifty-fifty. Der alle tårene var våre, og ikkje mine. Og der smila mine var ekte sjølv når du ikkje var der.

Eg dveler ved kjærleiken. Ser deg, men prøver ignorere, fordi eg må vidare.

Men du skjuler deg framleis i bølgjene og kafékrokane, og eg tar meg sjølv i å tenkje at dette skulle eg så inderleg gjerne ha delt med deg. Dette livet. Desse dagane. Desse draumane. Der du sit alvorleg i uniform og får ikkje sagt eit ord. Tar stumt i mot ordre, og eg vil halde rundt deg, men du sit fast der på lerretet, kjære Benjamin. Troppene har dratt og du er åleine i den mørke kinosalen, med barrikaderte dører.

Ingen har fortalt deg at krigen er over.

tirsdag 21. desember 2010

Ei julehelsing

Eg likar å vere nyfiken, å undre meg over korleis ting fungerer. Bevare noko av det barnlege.

Eg skjøner ikkje korleis musikk kan hamne på plater eller i datafiler. Eg veit teknologien, men eg skjøner det ikkje. Det, og liknande fenomen, er mirakel i mine auge, og eg er evig takknemleg for dei.

Det er viktig å vere takknemleg, same om det er små eller store saker. Å framleis kunne verdsetje noko ein har hatt i livet sitt over lang tid. Å sjå ut på landskap ein har sett nærmast dagleg som om det er heilt nytt for ein. Og i blant opplever ein noko ekstraordinært, og ta vare på dei stundene, men ikkje la dei ta over. Ikkje gløym at sjølv det du reknar som ordinært vil for andre vere ekstraordinært. Eit glas vatn, gode foreldre som er glad i deg. Fri vilje. Ytringsfridom.

Så tenn eit stjerneskot, tenk ein fin tanke, send varme ord. Sei til dei du elskar kva du føler om dei, og ha ei vedunderleg jul fylt med fine folk, god mat og drikke, og mykje, mykje kjærleik.

God jul, elsklingane mine!

lørdag 20. november 2010

Blackjack, baby!

Eg elskar for mykje, lengtar for mykje, saknar for mykje, tenkjer for mykje. Eg analyserer, overanalyserer, sjølvanalyserer og sjølvdiagnostiserer.

Eg kjem til å elske deg sjølv om du ikkje elskar meg tilbake, og kanskje inkorpererer eg deg i ein tekst eller to, fordi eg taklar livet ved å skrive, ikkje prate. Eg får frelse gjennom kunst, og eg synest puslespel er den beste kuren for alt.

I skrivande stund gjennomgår eg mi tredje cellefornying. Sidan sist har eg fått to fornamn i staden for eitt og møtt nokre av dei mest fantastiske menneska eg veit om, samt mista eit av dei viktigaste, som har vore del av livet mitt sidan før eg vart fødd.

I dag er eg halvvegs til ei midtlivskrise, halvparten så gammal/ung som ei av yndlingskvinnene mine (here's lookin' at you, Trykkleif), og full av undring over kva intern overgang til eit anna studium kjem til å føre med seg.

Eg har alltid følt meg moden for alderen, men sist tysdag var fyrste gong eg verkeleg følte meg vaksen.

Happy birthday to me!

torsdag 18. november 2010

Lang dags ferd mot natt

God kunst, verkeleg fabelaktig kunst, gjer deg skjelven. I sommar var det All My Sons, og i kveld var det Lang dags ferd mot natt. Etter å ha gitt ståande applaus og skodespelarane har måtte kome ut på scenen fire gonger, prøver du å forlate salen og beina dine, ja, heile kroppen din følest som om du har hatt litt for mykje vin, men det einaste du er full på, full av, er kjensler. Du har ein tornado inni deg, ein klump i magen, eit blødande hjarte, og om du er heldig nok får du til tider møtt nokre av desse personane som gjer deg slik. Som gjer deg til eit takknemleg vrak.

For meg finst det tre verkeleg store, kvinnelege skodespelarar i verda: Meryl Streep, Helen Mirren og Liv Ullmann, og i kveld fekk eg møtt Liv Ullmann. Mi norske heltinne. Ein fantastisk skodespelar, og eit vakkert og fantastisk menneske. Lang dags ferd mot natt var out of this world-amazing og då eg sa til Liv at det var nydeleg, men hjarteskjerande, heldt ho meg i handa og sa at det skulle vere hjarteskjerande. Ho signerte teaterprogrammet mitt, og eg sa det var ei ære å få møte henne og at eg beundrar henne høgt, to which she replied at det var ei stor glede.

mandag 8. november 2010

Everyday magic

Okay, so you know when you've been feeling like crap and nothing's been able to change your mood, and all you can think of is how lonely you are and how you wish you had someone to hold you and kiss you? Well, (apparently you start writing your blog entries in English) and also you return to your own personal "therapy" treatments. (Calling it therapy might be taking it a tad far, but at least it works for me.)

So, after I was finished reading Synnøve Solbakken for tomorrow's literature lecture I watched the first Harry Potter movie, Harry Potter and the Philosopher's Stone. It's got the original Dumbledore, Alan Rickman and Zoë Wanamaker, and when it's been as long since you watched it as it was in my case, you realise how ridiculously young Daniel and the gang was (although he's born the same year as me) and how much the animation technology etc. has come.

Anyway, it was awesome, and I encourage you to watch it again as well. I plan to watch all six movies before attending the premiere of part I of the seventh film at November 18th, 23.59.












lørdag 6. november 2010

I keep dancing on my own

- Å liggje på golvet og hikstgråte medan naboen deler musikk med heile etasjen (eller kanskje heile bygningen), men det einaste du høyrer er bassen som driv deg sakte, men sikkert til vanvit.

- Å skrive vidare på ei historie om ein som ikkje klarer le, og som alltid må vere minst eit kvarter for tidleg til ein avtale.

- Å lengte så inderleg at det gjer vondt, og du har ein knute i magen og fleire tårer i halsen.

- Å høyre Pink Floyd rope "Tear down the wall" og mimre.

- Å ha to veker igjen til di tredje cellefornying.

tirsdag 19. oktober 2010

(Om/til morfar)

Eg er

Eg er i lufta du pustar,
graset du går på med bare føter.
Eg held rundt deg,
snakkar med deg,
gir deg råd.

Eg er i lyset,
skuggen,
eg er i vinden
og bølgjene som slår mot land.

Eg er i veden som brenn og varmar deg.
Eg er i orda
og tankane,
minna,
hjarteslaga.

Eg er i haustmorgonen,
solnedgangen.
Eg er i kvart steg og kvar bursdagsfeiring.

Eg er i deg.
Med deg.
Rundt deg.

Du kan ikkje sjå meg,
men eg er her,
i kvar pulserande åre,
kvar solstråle.

Eg er.

mandag 18. oktober 2010

Kvil i fred

Det regna då ho var ute på gata med kofferten for andre gong den dagen. Det hadde vore sol i heile landet i fleire månadar, men brått var gatene overfylt av altoppslukande væske. Regnet tok seg inn i tøyet, seiv igjennom til det kjente hud under seg og fekk alle menneska til å hutre og fryse.

Det var ein ny type smerte, noko djupare ho visste alltid kom til å gjere vondt, sjølv etter mange år hadde passert.

Ho strauk ein finger langs den bare armen, undra seg over korleis noko så naturleg kunne skape så unaturleg store smerter. Det hadde jo nærma seg, var ikkje fullstendig overraskande, men ho hadde trudd ho hadde meir tid med solskinet. Varmen og dei gode kjenslene. Tryggleiken. Vêrmeldingane hadde ikkje vist noko teikn til nedbør.

Ho stira opp mot himmelen. Ein regndrope trefte henne i det eine auget, på hjartet, i handflatene.

Ho håpte solstrålene ikkje var for langt unna.


-


Kvil i fred, morfar.

onsdag 13. oktober 2010

Alt ordnar seg

Eg har sett ein mann verte kasta opp i lufta
og andre strøyme til,
men ikkje for å hjelpe.

Eg har sett kvite hestar utan riddarar i rustning,
eg har sett ein raud riddar utan hest.

Eit heilt hundreår stira eg på regnet,
talde regndropar,
talde dagane til blomane igjen ville bløme.

I haustblada kjærteikna eg årene,
livslinjene,
bad dei fortelje meg korleis det føltest å
miste fargen
og falle.

Dei visste ikkje kva eg snakka om.

"Dette er meint å vere,"
sa dei.
"Dette har trea kviskra til oss
heilt sidan me så vidt var
synlege,
medan tåka dreiv over fjella."

Me sat i ei lysning omgitt av
fargeeksplosjonar,
og for fyrste gong følte eg ro.
Dette er meint å vere.

Alt ordnar seg.

Berre hugs å puste.

torsdag 7. oktober 2010

Vi streiker!

Vi går i opprør! Vi nekter å bli tråkket på av uforsiktige føtter, sparket av små barn som om vi var en lusen fotball. Nekter fornedrelsen av å bli kastet når dere har strippet oss for det vi er verdt.

Vi nekter å fortsette føle oss tvunget til å reprodusere, protesterer mot presset om å alltid skulle være størst og best, saftigst og mest fargerikt.

Vi vil ikke lenger godta deres tyranni, der dere hiver innpå med vårt harde arbeid som om det var ingenting, kan jo bare kjøpe mer.

Nei, nok får være nok. Eplene streiker!


Photocred til Hilður

mandag 20. september 2010

Om å gjere det ein elskar

Do what you love, love what you do.
Det er noko slikt dei seier, er det ikkje?

-

Eg har vore utruleg heldig. Gjennom oppveksten har eg vore velsigna med fantastiske lærarar - Sandra, Elin Brit, Våga, Ragnhild x 2, Sveinbjørn... - og eg har innsett at kjærleiken eg har for desse flotte menneska har delvis ført til at eg no er andreårsstudent på integrert lektorutdanning ved UiB. Eg ville så gjerne vere like amazing som dei.

Tingen er at eg elskar litteratur og er interessert i språk, men eg vil ikkje nødvendigvis lære andre om det. Det eg verkeleg har kjærleik og lidenskap for, meir enn noko anna, er scenen og the big screen. Eg synest teater er det beste i verda og eg nær sagt pustar inn filmar og fjernssynsseriar, og etter eviglange diskusjonar med meg sjølv har eg kome fram til at eg vil ikkje berre lese og skrive om livet, eg vil leve det! Eg vil ta bachelor i teatervitskap og hjelpe til i kulissene. Eg vil jobbe med andre kreative, kunstneriske, sære menneske og eg vil vere del av kulturmiljøet. Kanskje får eg stilling ved eit teater i London og må ta undergrunnen til jobb, eller kanskje eg har gåavstand frå den litle leilegheiten min som skal ha eit vindauge med stor karm der eg kan sitje og dikte. Og så skal eg fylle krukker med små fargebombeplastperler og ha blomar i kvar ledige vase.

Eg vil tørre ta ein sjanse, vere okay med at ikkje alt er bestemt og trygt. Eg vil tørre ta eit leap of faith og leve.

fredag 17. september 2010

Å begynne med desserten

Jeg så deg komme ned gata. Du hadde føttene på bakken, men blikket rettet mot himmelen. Du gikk inn i en sidegate og jeg fulgte etter. Prøvde kjenne deg, kjenne hva du luktet av og hva som gjorde deg deg.

Det ble kveld, det ble dag.

Du minnet meg om noe jeg trodde jeg hadde mistet.

Da morgenen kom satt du ved fotenden av senga og skrev på skrivemaskinen din. Satt med bena under deg og fremtiden i vente. Blondestrømper, silkeundertøy.

Hvorfor leve i et annet øyeblikk enn nå? Hvorfor ikke begynne med desserten?

*

Jeg elsket hvordan håret ditt så ut i sollyset. Hvordan krøllene danset og hoppet, som små barn med rosa støvler i en søledam.

Jeg elsket hvordan du sa ”pling” hver gang du kom til slutten av en linje.

Jeg elsket raserianfallene dine fordi de alltid endte i latter.

*

Du leser Molière på en kafé bare du vet om, der man drar for å filosofere og provosere, som Audrey Hepburn i Funny Face.

*

Du kommer ned gata. Om du enser meg, ignorerer du meg. Ser jeg deg først, snur jeg meg om.

Men jeg kan fremdeles føle silketøyet under fingertuppene mine, minnes måneskinnet som fylte leiligheten og hvordan du alltid var varm. Hva munnen din smakte og hvor lattermild du ble etter bare ett glass vin.

Hvordan du hvisket at du elsket meg, om natten da du trodde jeg sov og ikke kunne høre deg, fordi det hadde ikke gått nok tid. Tenk om jeg syns det gikk for fort.

*

Jeg måtte dra, men jeg ser deg fremdeles komme ned gata. Jeg er helt sikker på at det er deg, så sikker at jeg er nær ved å rope ut og tilkalle meg misbilligede blikk. Så sikker at jeg hører blodet bruse og selvtilliten gjenreise seg - men ordene løser seg opp og faller til bakken.

Og det jeg prøver å si, men aldri klarer å formulere, er at jeg savner deg.

onsdag 15. september 2010

Happy 120th!


Gratulerer med dagen til ei genial, vakker kvinne, verdas beste krimforfattar og skaparen av ektemannen min: Happy birthday, Agatha Christie!

søndag 12. september 2010

Om å vende tilbake (på best mogleg måte)

Når du ser om igjen ein film det kanskje er eitt år sidan du såg sist, kanskje to, slik at du har gløymt ut alle dei fine augeblikka mellom dei store hendingane, då han var klokka hennar og då dei ikkje kyssa, men ho berre stod med hovudet sitt inntil brystet hans. Og du høyrer sitat som framleis resonnerer i deg, sjølv om du av og til skulle ynskje du kunne sjå ein film utan at noko minna deg om han.


Å vende tilbake til barndommen, på eit vis, når foreldra dine er på besøk i Bergen og du får nattaklem før storebror køyrer deg heim til leilegheiten. Og å stå i kø i halvannan time utan at det gjer noko, fordi om litt får du møte ein barndomshelt, ein som laga dei Donald og Uncle Scrooge-historiene du alltid syntest var best, og kor glad du vart under føredraget då han sa at jenter som likte karakterar som Magica de Spell og Glittering Goldie framfor Daisy Duck, det var jenter som viste dei var intelligente. Fordi du hugsa at då du var lita og skulle bestemme deg for kva for ei Donald-pocketbok du skulle kjøpe, då bladde du alltid gjennom og såg om Magica var med eller ikkje, fordi det var det avgjerande.


Og å dra til Italia igjen (om berre via film), der nesten alle byane dei filma i var byar du besøkte, way back when i 2006, rett etter du hadde posta det fyrste brevet, og korleis Vanessa Redgrave gjekk i dei same gatene som deg, og kanskje sat dei på den same kafeen. Den kafeen der foreldra dine måtte seie dei skulle ha Caffè Americano, fordi om ein berre sa coffee, så kom dei med ein espresso, og du hadde din fyrste ekte italienske is og var frelst. Og litt seinare den dagen sykla ei nonne i full grå habitt rett forbi deg, og du prikka faren din på skuldra slik at han kunne delta i latterkrampa som bobla i deg. Du helsa på Juliet og såg balkongen hennar, men du hadde allereie sendt eit viktig brev, så i staden for å be Juliet om hjelp la du handa inntil muren og kviskra eit stille ynskje om at han skulle svare deg, og at svaret skulle vere det du ville ha.